Haugtussa — Arne Garborg
Haugtussa ARNE GARBORG HAUGTUSSA OSLO FORLAGT AV H. ASCHEHOUG & CO. (W. NYGAARD) 1933 HAUGTUSSA utkom: 1. upplage 1895. 2. — 1895. 3. — 1897. 4. — 1899. 5. — 1902. 6. — 1908. I Skriftir i samling 1908. 7. upplage 1912. 8. — 1917. 9. — 1920. I Skriftir i samling 2. utg. 1921. 10. upplage 1928. PRINTED IN NORWAY NATIONALTRYKKERIET –– OSLO [ Til deg, du Hei og bleike Myr ] Heime Veslemøy ved Rokken Kvelding I Omnskraai Sporven Det syng Fyrivarsl Sundagsro Veslemøy synsk Gamlemor ventar Veslemøy Syne Haugtussa Jol Ungdom Lage I Gjætlebakken Vindtrolli D'er kje greidt Fuglar Under Jonsok I Slaatten Veslemøy undrast Dømd Dei vil ta henne Maaneskinsmøyane Heilagbròt Kravsmannen I Skodda Veslemøy sjuk Snøstorm Draken Hjelpi Det vaarar Mot Soleglad Vaardag Sumar i Fjelle Paa Fjellveg Den snilde Guten Paa Gjætleberg-Nut «Dokka» Veslemøy lengtar Blaabær-Lid Møte Killingdans Elsk Skog-glad Eit Spursmaal Ku-Lokk Vond Dag Ved Gjætle-Bekken Paa Skare-Kula Det vaknar Dei hyller sin Herre Prøve Svarte-Katekisma Stjernefall Ein Søkjar Høg Gjest Troll-Dans Bergtroll Gnavlehòl Gumlemaal Den store Strid Haust Raadlaus Den som fekk gløyme Kor hev det seg? Vinter-Storm I Kyrkja Ein Bêle Uro Bøn Paa Vildring Ho vaknar Ei tung Stund I Blaahaug Fri Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan. Til deg, du Hei og bleike Myr Til deg, du Hei og bleike Myr med Bukkeblad, der Hegre stig og Heilo flyr, eg gjev mitt Kvad. Til deg, du visne Lyng um Haug, der Draumar sviv, eg gjev min Song um Dimd og Draug og dulde Liv. Eg kjenner deg, du Trollheim graa, du Skugge-Natt! Eg rømde rædd; men stundom maa eg sjaa deg att. Eg kjenner deg, du Havsens Marm med Galdre-Song; du gauv meg Gru i rædde Barm so mang ein Gong. Eg kjenner Striden tung og sein mot Trolldoms Vald. Gud hjelpe oss for brotne Bein og Mannefall! Eg kjener deg — eg kjenner deg, som ikkje vann! — Eg saag din Strid, eg veit din Veg i Skugge-Land. Eg røynde sjølv den Striden stygg i mange Aar, med ville Mod, med bøygde Rygg, med svære Saar. Du um meg sviv, du hjaa meg sit, du arme Aand! I meg du enno riv og slit i dine Baand. Eg veit det vel: dei sterke Troll, den Vilje rik; ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll, sløkkt i eit Skrik. — * Men Lerka stig fraa gløymde Grav med Sigers Ljod; og Vinden stryker inn av Hav so frisk og god. Og um me kjenner Graat og Gru og Saknad saar, so maa me Lerkesongen tru, som lovar Vaar. Veslemøy ved Rokken D’er Haust. Det ruskar ute med Regn og kalde Vind. Smaafuglen flyg mot Rute og vilde gjerne inn. Men under Omnen god, der ligg paa Sekkje-Pute han gamle Mons i Ro. Der ligg han trygg og drøymer og blinkar stilt og smaatt og alt i Verdi gløymer og hev det varmt og godt. Og segjer ingin Ting, men liksom inn seg gøymer med Rova sveipt i Kring. Som Silke-Nøste fine han ligg i mjuke Skinn med Svevn i kvar den Mine og alle Kløar inn. Og glyrer likesæl med kloke Augo sine og murrar smaatt og mèl. * Skal vita kvar du vankar i blide Draumar no? Kann hende dine Tankar seg svæver lint til Ro i gamall Minne-Krins, som stilt i Hop seg sankar fraa den Tid du var Prins? Venaste Prins i Verdi, du gjekk i Skogen grøn med Gullhaar yvi Herdi og ung og keik og kjøn, og tenkte paa den Møy som gjekk og henta Bæri so vide under Øy. Daa kom den Trollheks blide med Sving og Sveiv og Svins fraa Trolleheimen vide og saag den vene Prins. Men skræmd han fraa ho skvatt. Daa las ho Trollbøn stride og gjorde han til Katt. Sidan so vidt han flakkar igjenom Skog og Skar, langt yvi Berg og Bakkar, og kjem til okkons Gard. Her kann i Ro han døy. Her vil han kvile, Stakkar, og tenkje paa den Møy. Aa hu! det ruskar ute med Regnvind sur og graa; Smaafuglen flyg mot Rute og liksom bankar paa. Men under Omnen god du Mons paa Sekkje-Pute skal drøyme lognt i Ro. Kvelding Snøen fell i graae Kveld stilt or mjuke Lufti. Stilt og tett, lint og lett; legg som Dunseng mjuk og slett dunkvit yvi Tufti. Veslemøy vondlar Høy i den myrke Løda. Nisselaatt kvìsar smaatt; Tuftekall seg likar godt, naar Buskap fær si Føda. Gamall Kar han er i Gard; strengt han all Ting agtar. Fylgde blid fraa fyrste Tid med i baade Stræv og Strid; og helst han Fjose vaktar. Difor òg veit han fjaag kva han hev i Vente. Graae-Kropp, Raude-Topp kvar den Kveld sin Mjølke-Kopp fær av snilde Gjente. Mat ho ber til Kui kjær, og kvar og ei ho kjæler. Gjerne ho stullar so: alltid var ho dyregod og aldri for Nissen fæler. Varme Brunn til tyrste Munn hit fraa Eldshus ber ho. Fær so snøgt Ljos i Lykt, mjølkar Kui lognt og trygt; og breddfull Bytta fær ho. Stelt og god Kui so roar seg til Nattenn’. Jortar smaatt, legg seg godt; Tuften kjem med enn ein Dott; dansar so med Katten. I Omnskraai Dei hev gjort fraa seg i Kjøk og Fjose, men d’er for tidleg aa kveikje Ljose. Lars Dreng maa stulle i Stall ei Stund. Ho Mor, ho tek seg sin Skùmingsblund. Daa inn dei tuslar fraa andre Garden, han litle Per ho snilde Maren. Det er so varmt i den logne Kraa, og no dei Sogur vil høyre paa. Det er den Moro dei helst vil velja; og Veslemøy kann so godt fortelja. Det gjeng med Segnir og Æventyr og løgne Rispur um Troll og Dyr. «Han Helge Haaland so vide jagta; ein Gong i Byen han laag og slagta. Men daa han kom seg til Holmesylt paa Vegen heimatt, daa vart han tryllt. Det var som Fjelli dei hadde flutt seg; det var som Leidine hadde snutt seg; og Jord var Vatn, og Vatn var Jord, og Hav var Fjellgard, og Sud var Nord. Han hadde gløymt kvar han heime budde; i Ring han tulla, og so han snudde. Attende bar det so snøgt som Eld; det leid paa Tidi; det var alt Kveld. Han kjende plent som det saug og drog ’n. Med ein Gong stod han i Vatneskogen. Daa vart han fælin, det maa dé tru, og andre Gongen so laut han snu. Og berre Søyla han gjekk og glatt i, og meir og meir vart det svarte Natti. Og Leidi burte var so for han, som han skuld’ vera i framandt Land. Og langt og lengi han gjeng og flakkar; sist stend han ør millom bratte Bakkar. Her aldri fyrr han i Verdi var. Men so med ein Gong han ser ein Gard. Og gla