Ferdaminni — Aasmund Olavsson Vinje
Ferdaminni fraa Sumaren 1860 Ferdaminni fraa Sumaren 186 0. Af A. O. Vinje. Christiania. Prentat hjaa Bergh & Ellefsen. 1861. Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan. Fraa Byen det berer F raa Byen det berer. Eg lyfter paa Hatt. Gud veit no den Dagen, naar dit eg kjem att’. Farvel Hovudstaden: i deg var det best: der fann eg dei Beste, der lærde eg mest. Lat sjaa, du som altid paa Folk helder Styr! for Du er den Karlen, som temja kann Dyr. Men ufrisk i Varmen eg altid deg fann. Du er liksom Tanken, du elder din Mann. Og derfor til Fjølls vil eg draga som Døl, og Kjenningar finna og gløyma meg sjølv. M ange meina, at aka paa Jarnvegen er leidt og keidt og altid likt seg sjølv; men eg, som er leid af trøyttkjøyrde Øykir og Skranglekjerrur, eg finner det som eit Dikt at fara so fort og sjaa Tre og Steinar og Tuvur og alt, som i Vegen kann koma, at syna seg fram i ein Augneblink og atter renna fraa os som skræmde Fuglar, og so høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn. Det er sama Drivkraft som i Hesten og meg og deg berre paa ein liten annan Maate, so det no ikki er værdt at tala um leide og keide Drivverk og slikt nokot, liksom det berre skulde vera Kol og Vatn og Eld og Malm. “Der er ei Livsens Aand i Hjulom“, som Profeten talar um. Det er Mannatanken, som her paa Skaparvis hever blaasit Liv i Nosi paa Jordklumpen, og gjort Kol og Vatn og Eld og Malm til Tenaren sin; derfor skriker og frøser i Fugleflog denne Tenaren under Svipuslaget af vaar Aand, og me sitja paa vaar Sigervogn stoltare enn dei romerske Sigerherrar, og turva ikki som dei hava ein narreklædd Mann bak paa Vogni, som ropar til Manngarden paa Baade Sidur af Sigerskeidet: “Kom i Hug, store Mann, at du maa døy!“ Og so rulla me fram mot Upplysnings og Jordodlings smilande Land, for det var sannt det, som Franskmannen Condorcet alt aatte ti Aar sidan sagde: “Her vil med alt vaart Stræv vera Villmannskap i Livet, til dess me hava lagt under os all Naturkraft, so me faa hena til at gjera for os det tyngste og grøvste Arbeid, so berre me ganga og sjaa etter som Uppsynsmenn.“ Det gjenger dei fleste Folk som meg, at dei slita burt sin beste Ungdomsmerg med at vera Hestar og det endaa tidt paa Ting, som jamvel Hesten er for god til. “Svarten“ er, som eg kvad, daa Jarnvegen vardt opnad: — — — — — “Han Vegen ikki væter med Sveittens fløymde Aa; til Lasset han ’ki græter, som Husbond lesser paa.“ Og so sjaa me all den Uppdyrkning af Moar og Myrar og alle dei hyggelege Hus ikring denne Vegen, som eigong vil slengja seg fram berre millom bylgjande Aakrar og blømande Engir. “Sjaa her“, sagde Engelskmannen Shaw paa ein af dei fyrste Utferdir, daa eg stod paa Kolvogni med honom, “sjaa her“, sagde han, visande paa raude Moar og blaute Gorrmyrar, “her er liksom tjuge Aar sidan millom Liverpool og Manchester, daa den fyrste Jarnvegen kom dit, og no er snart alt der som ein smilande Hagi.“ — Og endaa krevja Folk at faa Rente af Pengarne sine til denne Vegen! Kvat Rente fær vel Riket af alle dei Millioner, som det legger ned i dei andre Vegirne? — Nei Jarnvegen er rik paa Tanke og Framhug fraa kver Side, han verdt sedd. Han er ikki lyft upp fraa Jordi, men gjenger som all sann Diktning gjenom det livande Liv, og straar Blomar rund ikring seg. Og Eidsvoll vardt liksom ikki Eidsvoll, fyrr denne Vegen kom. Fridomen gagnar litit i Armodsdomen. Og all den Kjøyring maatte attaat Armod skapa Raaskap, for Hestehalen er inkje godt Naabuskap; han smittar, og derfor hever eg altid kjennt, at Hestehandlaren og Kjøyraren liksom hava ein liten Tev (fin Lugt) etter Hestehalen i Tale og Aatferd. Beint burtanfor Stoppestaden i Eidsvoll der aust under Bakkarne liggja nokre gamle Gravhauger, som Henrik Wergeland fekk i Stand eit Lag paa for Bygdarfolket. Der drukko dei, so dei laago ikring paa den gamle Vigvollen etter alle Kjæmpetalur og alt det Fyllestaak. Eg gjekk der kring og tenkte: “det eine var etter det andre paa sin Villmannsvis; men det var i Stilen af den Tids Nordmannskap, som mest helt sig til det Utvordes og til Kytord um “Fjøllets Son“ og “Norafjøll“ og “Bonden.med Kufta blaa som Fjordarne sine.“ Det maatte vel til dette Utanpaahengde ogso, fyrr det Indre kunde koma. Men underlegt var det heller ikki, at Folk, som paa den Tid saago meir etter ein indre og sannare Nordmannskap, førde Strid mot slik Leven. Eg vilde heller hava gjort eit Lag for deim, som kunde dyrka upp desse gode Jordir i dette væne Land enn for deim, som gjorde alt for at leggja det øyde. Hjaa gode gamle Storthingsmann Lars Tønsaker saag eg det Sylvstaupet, som Henr. Wergeland gav til Eidsvollgjeld som eit Afminne etter seg til Riksskipnaden, som vardt gjeven der. Det var vel gjort at gjeva slikt til Eidsvoll, men Paaskrifti og Fylgjebrevet, som til æveleg Tid skulde fylgja med Staupet, var liksom, at det skulde vera nokot stort og minneværdugt, at just han gav dette. Eg maatte smila aat den gode Digtarens Faafengd og store Tanke um seg sjølv paa Sottesængi. Og eg maatte hugsa Theis Lundegard, daa han sagde det Aaret, han ikki var paa Storthinget: “Ja nu undrast eg, korleides dei busa og basa og bera sig der inne i Hovedstaden, naar ikki eg er med!“ Ja, ja, me ero alle meir elder, mindre so faafængde, at me tru os umissande. Men til all Lykke er det so, at um store Menn dei falla fraa, som Gras um Vaar me nye faa. Den eine Mann er tidt ein Tolk, men Tanken eig’ det heile Folk. Er Tanken god, han liver daa, for det um Mannen døyr ifraa. Og kjem for det han burt eit Bil, han betre atter koma vil. Som Verdi gjekk, fyrr me kom til, so etter os ho ganga vil. Den største Mann, det stolte Syn mot Folkets Sol er som eit Lyn. Naar der er myrkt, det lyser bjart, men blinkar burt, og alt er — svart. — Med desse Tanker foor eg uppigjenom Bakkerne til Skogen mot Odalen og snudde mig ikring altsom tidast og saag tilbake ned paa det fagre og rike Eidsvoll og uppetter Vorma mot Mjøsen og nedetter mot det grasgode Land og de